3 ÅR MED SAMARBEID – EN FIN OPPSUMMERING

Ann Sissel har vært kunde hos meg på nett i nesten tre år. Dette er ei hardtarbeidende, dedikert og utrolig flink dame. Hun vet hva hun vil! Det har vært utrolig lærerikt å følge henne opp, og også en stor ære. Her er tilbakemeldingen hennes etter fullført online coaching med meg:

thumbnail_4

«Det er snart tre år sidan eg starta på mi treningsreise med Julie. Eg hadde allereie trena styrke i fleire år, men eg ville sjå kva resultat eg kunne få med fast opplegg og oppfølging i staden for å ete og trene slik som eg måtte føle for. I tillegg til at eg var mentalt og fysisk sliten hadde eg mange vondter/plager som følgje av veldig stram muskulatur i hofteleddsbøyar, bakside lår og korsrygg. Men med gode råd og eit velfungerande treningsprogram tok det ikkje lange tida før smertene gradvis vart mindre, og eg fekk full bevegelighet i føter og rygg.

Når det gjeld kostplanen så vart eg veldig positivt overraska kor bra den passa meg og mine vaner. Variasjonane er mange til kvart måltid, og eg går ikkje rundt og er svolten.

På dei snart tre åra har kroppshaldninga mi betra seg drastisk og eg har hatt ei utruleg styrkeutvikling med null skader eller smerter. Korleis kroppen har endra seg undervegs til det betre har eg tatt som ein bonus.

thumbnail_3

Julie er profesjonell, empatisk, gir av seg sjølv, kjem med konstruktive tilbakemeldingar, kjem med oppmuntrande ord når det trengs og deler sin kunnskap om trening og kosthald. Eg har heile tida følt meg trygg og ivaretatt.

Denne investeringa har betydd vanvittig mykje for meg, og det er veldig vemodig at det er over. Men eg ser ikkje(!) vekk i frå at eg kjem til å nytte meg av Julie sine PT-tenester igjen i framtida. Med Julie sin hjelp har eg fått ein livsstil som eg kan leve med i mange fleire år framover»

thumbnail_2

Tusen takk til Ann Sissel for en fantastisk innsats, et godt og lærerikt samarbeid og gode ord. Lykke til videre! Jeg er sikker på at du vil fortsette å lykkes :)

Del gjerne!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation