ET FRISKT PUST

Ann Sissel har vært onlinekunde hos meg nå over ett år, og for noen uker siden skrev hun dette i en ukesrapport. Jeg syns det var så flott tilbakemelding, og virkelig verdt å dele 🙂 Hun er også et perfekt eksempel på hvordan rett styrketrening kan forbedre kroppsholdning. La deg inspirere!

————

«Eg har for lenge sidan nådd dei måla som eg ønskte og oppnå og vel så det. Men no når eg ser tilbake på dei endringane som har skjedd både når det gjeld utsjånaden, og ikkje minst psyken min, så har eg ikkje lyst til å legge opp treninga mi sjølv igjen. Eg trente styrke lenge før eg tok kontakt med deg, men meir sporadisk. Og eg fekk ikkje så mykje utbytte av treninga til tross for at kosthaldet mitt ikkje er så forskjellig no som det var då. Men tidlegare trente eg meir det eg ville trene, og ikkje det eg burde ha trent. 

foran A S

Rett før eg tok kontakt med deg orka eg ikkje tanken på å trene lenger. Men gir eg opp treninga så blir eg plaga med rygg, hofter og knær, så eg måtte fortsette. Oppskrifta var då å finne tilbake til gleden som treninga pleide å gi meg. Dette året vi har samarbeida kan eg telle på ei hand dei gongene eg har hatt ein dårleg dag på trening. Eg har aldri før kjent på ein slik treningsglede som eg har hatt det siste året, og mykje av grunnen er fordi eg både føler og ser endringar på kroppen.

Allereie etter 1-3 veker etter at vi begynte oppfølginga såg eg endringar på kroppen som eg sjølv ikkje hadde klart å få til på eiga hand etter fleire års forsøk(!!) Og styrkeøkninga var det ingenting å sei på heller. 

bakprogresjon a S

Når ting fungerer så bra som det gjer så har eg ein tendens til å ikkje ville endre på det. Dette til tross for at eg er ein person som vil klare det meste på eiga hand. :p Sjølv om eg har vore litt plaga med hekseskudd no og då (berre bagateller :p) så har kroppen likevel aldri vore så velfungerande som den har vore dette året, og det har eg å takke deg for! Emoji«

ryggprogresjon ann sissel

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *